Salong: Kven skal faktasjekke sakprosaen?

Kven har kompetanse og tid til å sjekke faktanivå og kjeldetilvisingane i sakprosabøker – er det forfattaren, forlaget eller kritikaren?

Velkommen til salong om faktasjekking.

Bakteppe: Frilanskritikar Frida Skatvik nytta varslingstenesta til forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo for å ei vurdering mellom anna av attbruka av tidlegare publisert materiale i professor Dag O. Hessens siste sakprosabok, Å tenke med Zappfe, Kagge 2024.

Mange meldarar tek ikkje på seg sakprosaoppdrag fordi dei krev meir tid enn honoraret tilseier. Sakprosaforfattarar kjenner seg åleine med ansvaret for faktainnhaldet i bøkene når forlaga ikkje vil nytte pengar på fagkonsulentar, og det har gått nokre månadar sidan dei siste høyrde frå redaktøren sin.

Det blir to panel, og dei vil diskutere mellom anna kva god forskingsformidling er, kva sakprosakritikaren si rolle skal vere og kor sann ei sakprosabok kan vere.

Les mer om arrangementet